NO   DE   EN

Valsvikstova

I Framfjorden (Arnafjord) ligg dette flotte feriehuset omringa av Sognefjorden, stupbratte fjell, fossefall, grønkledde lier og smale koselige bygdeveier. Omgivnadane er stille, fredelige og barnevenlege.

Litt om Valsvikstova: Byggår 1970/1984, ca. 190 kvm., god standard, komfortabel møblering, 10 personer. Ligg like ved Fjordastova, næraste nabo 8 m. Utsikt over Sognefjorden (150m) strand (250m), butikk m/kafé (250m).
 
Trykk her for mer bilder av huset
      
Romoversikt:
Opphaldsrom 1: spisestove, sofakrok, peis, stereoanlegg med cd.
Opphaldsrom 2: kjellarstove, peis, farge-TV, video.
Kjøkken: El-komfyr, kjøkkenvifte, kjøleskap, fryser ca. 200 l., oppvaskmaskin, kaffetrakter, vaffeljern, brødrister.
Bad 1: handvask, dusjkabinett, golvvarme.
Bad 2: WC, handvask, dusjkabinett.
Toalett: WC, handvask.
5 Soverom: (2 E) + (1 Fam. køye) + (1 DS) + (1DS) + (1DS)
Terrasse (30 kvm): hagemøbler, hagegrill.
Hage: ca. 150 kvm. plen.
Parkering: like ved huset, 5 biler.

 
Tillegg:
Brygge ved fjorden, båt m/motor til leige, sykler, barnestol, barneseng.
Kan leigast saman med Fjordastova.

Leiger du dette huset er dette noen av opplevingane Framfjorden (Vik kommune) kan by på:
Fotturar i fjella med flotte naturopplevingar, og høve for fiske og jakt.
Bading og fiske i Sognefjorden.
Gå og sykkelturar langs fjorden.
Besøke høgdegardane på Lee og Bungane.
 
Andre severdigheter/opplevingar i Vik kommune

  • Finnabotn, trong fjordarm til Sognefjorden (20 km m/båt)
  • Laksefiske i Vikja (20 km)
  • Fresvik breen (80 km)
  • Vikafjellet med tur og skiløyper (30 km)
  • Hopperstadkyrkja, stavkyrkje frå år 1150 (20 km)
  • Hove Steinkyrkje, steinkyrkje frå slutten av 1100- talet (20 km)
  • Båtmotormuseum


Med dette huset som base har de mange mogeligheiter for korte og lengre dagsturar til fleire attraksjonar. Nokre av dei mest kjende turistattraksjonane i regionen (sjå kartet for avstandar):

  • Flåmsbana
  • Verdens lengste tunnel
  • Bremuseet i Fjærland
  • Fjærlandsfjorden
  • Nærøyfjorden
  • Jostedalsbreen
  • Nigardsbreen
  • Ekspressbåt til Bergen

 
Trykk over for større kart
Priser og bestilling:

For bestilling og priser, kontakt oss på opplev@fjordaferie.no eller på tlf 57 69 52 95 / 907 25 678

Bilder

 

Fjordaferie    e-post opplev@fjordaferie.no    6894 Vangsnes    Tel +47 57 69 52 95 Mob +47 90 72 56 78